6973 Sande i Sunnfjord

Leige av rom og selskapslokale
Telefon: 911 26 955 Internett: www.nedrestrand.com

Rom

Utleige for overnatting innheld stove, opphaldsrom, kjøkken, bad, vaskerom og to soverom i 2. etasje.

Stova er utstyrt med sofa (3+3 seter), stolar, og fjernsyn (nrk1,nrk2).

Opphaldsrommet er i tilknyting til kjøkkenet.

Kjøkkenet har komfyr, kaffetraktar, kjøleskap og utstyr for 8 personar.

Vaskerommet har oppvaskemaskin, vaskemaskin, vask med benk for grovkjøkken (t.d. ved fiske og jakt) og fryseboks.

Soveromma har plass til 8 personar fordelt med 3 på eit rom og opptil 5 på eit stort rom. Det store rommet er på det næraste delt i to delar med 2 senger i den eine delen og opptil 3 i den andre. Det er 8 senger ialt.

Bad med vask, toalett, dusj. Varmekablar i flislagt golv.

Info.

Nedrestrand gard har lange tradisjonar. Utover hovedhuset inneheld tunet eit gamalt stabbur frå 1592, eit eldhus med smie og snekkarloft samt 3 setars utedo, ei løe frå 1867, ei skykkje (vedhus) og eit storehus (gulehuset).

Ved vatnet er det sett opp steinbord og benkar.

Vi håper de vil trivast her, og finne ro og rekreasjon i huset og området omkring.

Forslag til aktivitetar

  • Offentleg badestrand ved Hestad kapell (2,5 km)

  • Lett turveg til Nedrestrandstølen

  • Flott fjellterreng for dagsturar

  • Vegen rundt Hestadfjorden og oppver lags Viksdalsvatnet er fin for sykkeltur

  • Aure i vatnet. Robåt til disposisjon. Fiskekort kan kjøpast hos oss

  • Omvising (i juli) i 200 års gamle Hestad kapell

  • Kan gjera avtale om jakt (hjort)

  • Forslag til andre dagsturar:

    • Fossestien merka løype langs Gaularvassdraget

    • Astruptunet med kunstutstilling

    • Bremuseet i Fjærland

    • Hauglandssentert i Fjaler med innandørs badeanlegg

    • Førde, ein handelstad med fleire kjøpesenter

    • Øyhopping i ytre Sunnfjord/Sogn

Selskap

Røykstova blir brukt til selskaplokale med plass inntil 30 peronar. Ved leige som selskapslokale blir ikkje huset leigd ut til andre for overnatting.

Prisar

  • Prisar
    600 kr/døgn for 1-3 personar
    800 kr/døgn for 4-8 personar
    Prisreduksjon for vekesleige: betal for 6 netter per veke
  • Sjølvhushald
  • Sluttreingjering er inkludert
  • Utleige av sengetøy: 100 kr per send
  • Leige av røykstova: kontakt oss for tilbod
  • Kontakt: epost livogjoar@nedrestrand.com eller telefon 911 26 955

webannsvarleg